Bodil Rørtveit
Komponist og artist Bodil Rørtveit har dei siste åra gjort seg bemerka som ein uttrykksfull, særegen vokalkunstnar med stor stemme. Ho krysser gjerne sjangergrenser frå folkemusikk via klassisk til jazz og improvisasjonsmusikk. Ho ønskar å inspirere og skape tilhørighet og har ei leikande haldning til musikken. Forholdet til naturen står sterkt i prosjekta hennar. Ho samarbeidar ofte med scenekunstnarar i prosjekta sine, blant anna i plastkonsertforestillinga Sustain (framført på Festspillene i Bergen, og med Harmonien). Våren 2021 hadde ho premiere på Det Vestnorske Teateret som komponist og utøvar på soloforestillinga «RØYST – eller Bodil sluttar med innestemme». Rørtveit har under pandemien skapt konseptet «Hengekøyekonsert», der publikum lytta til musikken og fuglesang i hengekøyer i skogen. Denne konserten blei vist igjen under Festspillene i Bergen 2021, til gode kritikkar.
Foto: Jørn Lavoll
Søndag 26/9 | 19.00 | Nykirken | 150/50
Vokalise for den blå planeten – FASE 1
Bodil Rørtveit
Bodil Rørtveit er ein poetisk og meditativ vokalkonsert – ein hyllest til naturen og planeten vår.
Kunstnere 2021