Torsdag 19/9
18.00
Bergen domkirke
Kr 250
Under 23 år gratis

Dei guddommelege søstre

FESTFRAMSYNING

Dei guddommelege søstre, Rettferd, Sanning, Nåde og Fred, kviskrar, skrik, kjempar og syng for oss i ei unik festframsyning. Med nyskrivne tekstar og fleirstemde salmar og folketonar, feirar vi dydane som bind oss saman som borgarar og medmenneske.

Då den norske staten vart skapt på 1100-og 1200-talet, og Noreg gjekk frå eit vikingsamfunn til å følgje Magnus Lagabøtes landslov, spelte historia frå Bibelen om dei fire guddommelege søstrene ei heilt sentral rolle. Til og med på vestveggen til Nidarosdomen finn du dei, Rettferd, Sanning, Nåde og Fred, som ei påminning om å verne demokratiet og ta dei med inn i framtida.

Denne kvelden vert dei fire guddommelege søstrene løfta fram og inn i vår eiga tid av skodespelarar frå Den Nationale Scene og tekstar av Jon Fosse, Ruth Lillegraven, Maria Tryti Vennerød og Brynjulf Jung Tjønn. Med er også det prislønna vokalensemblet Multa Paucis og musikarane Karl Seglem og Kåre Opheim.

Kunstnarleg konsept: Ragnhild M. Gudbrandsen 

Tekstar: Jon Fosse, Ruth Lillegraven, Maria Tryti Vennerød og Brynjulf Jung Tjønn

Regi: Ragnhild M. Gudbrandsen

Musikalsk produsent: Helge Lilletvedt 

Musikarar: Karl Seglem, Kåre Opheim 

Skodespelarar: Sissel Ingri Tank-Nielsen, Tomine Mikkeline Eide, Katrine Dale, Ragnhild M. Gudbrandsen 

Dirigent: Mikael Hedné 

Kor: Multa Paucis 

Lysdesign: Thale Tollefsen

Ein samproduksjon mellom Gulatinget 2024 og Den Nationale Scene. I samarbeid med  Bergen kirkeautunnale – Kyrkjekultur Vest – Bjørgvin kirkeakademi og Bjørgvin bispedømme.

Samtale 

  • Biskop Ragnhild Jepsen i samtale med Kultur-og likestillingsminister Lubna Jaffery
    Moderator Gudmund Waaler, domprost i permisjon

Denne kvelden inngår i rekken av biskopens temakvelder i Bergen domkirke, i anledning verdiåret.

Landslovjubileet i Vestland er eit samarbeid mellom: Vestland fylkeskommune, Bergen kommune, Universitet i Bergen, Bymuseet, Statsforvaltaren i Vestland, Den norske kyrkja, Høgskolen på Vestlandet og 1000-årsjubiléet til Moster.