Søndag 26/9
19.00
Nykirken
Kr 150/50

Vokalise for den blå planeten

Bodil Rørtveit

«Vokalise for den blå planeten» er ein poetisk og meditativ vokalkonsert – ein hyllest til naturen og planeten vår. Vokalkunstnar Bodil Rørtveit ønsker å skape rom for ettertanke og ny inspirasjon gjennom langstrakte melodilinjer, stillhet og vokale lydlandskap inspirert av vakker og storslått natur. Ho utnyttar si fleksible stemme og legg lag på lag med vokal gjennom live sampling, men vil også bruke krafta som ligg i einstemt song. Rørtveit utnyttar heile Nykirken som scenerom, slik at publikum får ei 360 graders musikalsk oppleving. Musikken er for det meste utan ord, og hentar inspirasjon frå folkemusikk, tidleg-musikk, urmusikk og ikkje minst fuglar og kvalar.

Medvirkande:

Bodil Rørtveit – utøvar og komponist
Ingrid Askvik – Regikonsulent
Elaine Maltezos – Lydteknikk 

Dette er premiere på fase 1 – Vokalise for den blå planeten vil utvikle seg til eit større prosjekt over tid, med fleire involverte kunstnarar.

Vokalise for den blå planeten er støtta av Bergen Kommune og NOPA

 

Foto: Jørn Lavoll