Rekviem for dei namnlause

Ei musikalsk, poetisk og visuell framsyning.

 

 

“I dei grufulle åra da Jezjov var sjef for tryggingspolitiet, stod eg 17 månader, dagleg, i fengselskø i Leningrad. Alle kviskra der. Ein dag kviskra kvinna som stod bak meg inn i øret mitt med blåfrosne lepper: – Kan De skrive om dette? Og eg sa: – Det kan eg. Da gleid noko som likna ein smil over det som ein gong hadde vore andletet hennar.”

Framsyninga er basert på diktsyklusen Rekviem (1963) av den russiske forfattaren Anna Akhmatova, omsett til nynorsk av Halldis Moren Vesaas. Rekviem er vigd minnet om alle som vart offer for Stalins terror, først og fremst alle dei etterletne kvinnene. Diktverket handlar om ein del av historia som me aldri må gløyma – og er samstundes aktuell langt utover dette. Teksten er kraftfylld, skjebnane mange, med sterke parallellar til dei totalitære samfunna som finst i verda i dag. Mykje lukkar me augo for. Noko slepp me ikkje unna. Nokre få får fortelja historia si i media, men dei fleste vert aldri høyrde.

Møtet mellom tekst, klavermusikk og videoanimasjonar fortel ei universell historie om korleis det er å vera menneske i eit samfunn utan fridom. Framsyninga er også eit portrett av Anna Akhmatova, rekna som ein av dei «fire store» innan russisk litteratur. Den norske omsetjinga vart urframført i Elverum kyrkje i 1991. Teksten har med sine bilete av den lidande mor, og allusjonar til Jesu lidingshistorie, klare bibelske referansar.

 

Tekst av Anna Akhmatova,
omsett til nynorsk av Halldis Moren Vesaas

Musikk av Gubaidulina, Scriabin, Tveitt, Bach og Rachmaninov

 

Kjersti Elvik – skodespelar

 

Marita Kjetland Rabben – klaver

 

Gunnar Fretheim – videokunst/scenografi

 

Bergen domkirke
Torsdag 26. okt. kl. 19.30
Varighet 60 min
Bill. 150

Festival for kirkekunst og musikk