Mozart Requiem – Stordkoret

Mozart Requiem – Stordkoret 1. novemberStordkoret
W.A.Mozart: Ave Verum Corpus (K.618)
W.A.Mozart: Requiem i d-moll (K.626)

Stordkoret
Ann-Helen Moen, sopran
Janna Vettergren, alt
Arne Kvarven, tenor
Trond Hallstein Moe, bass
Roald Sangolt, dirigent

Wolfgang Amadeus Mozart (1756 – 1791) døydde berre 35 år gamal, men rakk å komponere over 600 verk frå alle musikalske sjangrar. Mange reknar Requiem som noko av det vakraste innan klassisk musikk, og den dramatiske historia om korleis verket blei til, gir ein ekstra dimensjon til opplevinga.

Mot slutten av livet fekk Mozart i oppdrag å komponere ei dødsmesse, som ein greve ville få framført som sitt eige verk til minne om den avdøde kona si. Mozart rakk ikkje å fullføre messa før han døydde 5. desember 1791. Enka Constanze sat igjen med to små barn, og var no i ein vanskeleg økonomisk situasjon. Ho bad difor assistenten til Mozart, Franz Xaver Süssmayr, om å fullføre verket slik at ho kunne få utbetalt honoraret. Süssmayr og nokre elevar av Mozart fullførte verket, messa blei framført, og Constanze fekk den seinare utgitt

Festival for kirkekunst og musikk